Samtidig som konfliktane globalt kjennast nærare enn nokon gong, er Noreg på eit rekordlågt nivå når det gjelder eiga matsikkerheit og beredskap.
På årets Kongsgårdseminaret ynsker vi å belyse dei store spørsmålene rundt vår eiga matberedskap og -sikkerhet, og dra det ned til dei små stega mot økt sjølvforsyning i småskala.
I ei tid kor mattryggleik og berekraft er viktigare enn nokon gong, skal seminaret gi deg praktiske verktøy og kunnskap mot ei sterkare sjølvforsyning og økt matauk.
På programmet har vi foredrag som belyser temaer rundt vårt komplekse matsystem og kven som drar i dei store trådene.
Det blir også erfaringsdeling som skal inspirera til korleis ein kan starta sjølvberging i småskala.
I tillegg blir det praktiske foredrag og verkstader kor vi tar for oss tips og triks rundt heimekonservering med fermentering og sylteteknikker, inspirasjon til å starte eigen beredskapshage i både hage og på balkong, og korleis du kan lage og lagre din eigen frøbank.
Kongsgårdseminaret er ideelt for alle som ynsker å læra meir om norsk matproduksjon, beredskap og bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling!
Velkomen til ein inspirerande dag på Bygdø Kongsgård!
Program:
- 09:30 Kaffe/Te i historiske Gamle Landbruk på Bygdøy
- 09:50 Velkomen til Årets Kongsgårdseminar!
- 10:15 Anders Norstad: Matsikkerheit og matberedskap i Noreg
- 11:10 Bybonde Kia Vulgaris : Eit år som norsketerianer – et sjølvbergingsprosjekt
- 11:50 Vandring til Gartneriet Bygdø Kongsgård
- 12:00 Økologisk lunsj på Gartneriet
- 12:45 Verkstad (eiga påmelding på seminaret)
- Lynkurs i heimekonservering: lær å fermenter og sylte markens grøde
- Frå plen til beredskapshage: tips og triks for å starte di eiga matauk
- Frøsanking: lære å lage din egen frøbank!
- 14:30 Pause
- 14:45 oppsummering og refleksjon med Open Space dialog
- 15:15 Seminaravslutning og open gardsbutikk
Endringar i programmet kan førekomme.
Delar av Kongsgårdseminaret i år er støtta av Grønne Midler frå Bydel Frogner.
Kongsgårdseminaret er en del av Økouka Oslo.